Hurtigtestar for ditt arrangement

Salubritas AS tilbyr ei løysing for hurtigtesting for koronasertifikat til bruk ved arrangement og reiser ved hjelp av antigentestar. Me har alle avtalar og løysingar på plass og kan på kort tid rigga walk-in eller drive-in stasjonar for testing av innbyggarar og tilskodarar med kapasitet til fleire hundre i timen ved behov. Me har fleksible timebestillingssystem slik at innbyggaren ikkje treng stå i kø.

Testen er tilgjengeleg på koronasertifikatet til innbyggaren 20-30 minutt etter testen vert tatt. Den er gyldig for bruk ved arrangement i 24 timar. Dersom ein skal bruke den utvida informasjonen i det felleseuropeiske sertifikatløysinga, vil det framgå av QR-koden kva type test det var og tidspunkt. Mange land i Europa no godtek hurtig antigen test (RAT – rapid antigen test) teken 48-72 timar før ankomst. Sjå reopen.europa.eu eller appen «Re-open EU». Det er opp til innbyggaren sjølv å ta ansvar for kva reglar som gjeld ved destinasjonen.

Me opererer først og fremst i Rogaland, men ta kontakt for ein prat om de er utanfor Rogaland også.

Ta gjerne kontakt med oss på post@salubritas.no for å få vite meir!

© www.helseboka.no