Samfunnsmedisinsk beredskap

Kva kan me gjera for kommunen?

Salubritas AS vil tilby kommunane tryggleik ved å gi dykk ei alltid open linje der de møter ein samfunnsmedisiner som er på vakt for din kommune. Dersom oppgåva ikkje kan løysast per telefon, vil legen vera busett innan rimeleg og forsvarleg tid frå ditt kommunesenter og kunne rykke ut ved behov. Kommunen treng ikkje forhalde seg til å etablere interkommunale avtalar eller å sjølv hyre inn ekstern arbeidskraft.

Typiske tenester vil no i pandemitider vera mottak av beskjedar om positive prøvar på SARS-CoV-2, leiing av smittesporingsteam og igangsetjing av lokale tiltak og forskrifter. Behovet for samfunnsmedisinsk beredskap er likevel generelt og kan inkludere oppgåver som vedtak om tvungen legeundersøkelse, forureining av drikkevatn, CBRNE-hendingar og kriseteamleiing.

Går de for vår løysing framstår kvalitetssikrar de dykkar samfunnsmedisinske beredskap og framstår meir konkurransedyktige og attraktive på arbeidsmarknaden, i tillegg til at de slepp administrasjon av slike løysingar sjølv.

Etter vidare avtale kan vi også formidle andre samfunnsmedisinske tenester på oppdrag som øvingar, foredragshaldarar eller undervisning.

Kva kan me tilby legane?

Kommuneoverlegen i små og mellomstore kommunar har gjerne ein uformell avtale om å kunne kontaktast utanom arbeidstid. Med våre tenester, kan ho med god samvittigheit skru av telefonen ved endt arbeidsdag. På den andre sida er ho ein sjølvskriven kandidat for å vera samfunnsmedisinsk vaktlege i eigen kommune gjennom vårt selskap. På same tida kan ho gjerne også ha beredskap for andre kommunar, avhengig av storleik på kommunen, og dermed hjelpe å spreie belastninga på fleire legar.

Utanom dei som allereie på dagtid jobber i slike stillingar i kommunane, er me også interessert i å komme i kontakt med andre legar med relevant kompetanse og erfaring som kunne tenke seg å tilby sine tenester til oss.

Som leverandør av samfunnsmedisinske tenester gjennom Salubritas vil du vera ein engasjert lege som er LIS eller spesialist i samfunnsmedisin og gjerne med lokal tilknytning til området og kommunane du tek vakt i. Du må vera edru, fri for luftvegssymptom, tilgjengeleg på telefon og ha moglegheit å komme deg til kommunesenteret i kommunen du har vakt for innan rimeleg tid.